Hotellet

Volda Turisthotell er eit lite, intimt hotell som ligg i hjartet av Volda.
Vår stil er uformell og personleg, og vi veit at du vil trivast hos oss.
Volda er eit ideelt utgangspunkt for å oppleve den mektige sunnmørsnaturen
- djupe, blå fjordar, mektige fjell og tindrande klar luft.

Vi er eit sentrumsnært hotell med gangavstand til blant anna høgskulen, sjukehuset, bussterminal, og idrettshallar.
Ørsta/Volda Lufthamn Hovden er ein kort køyretur unna.

Resepsjonen er døgnopen.

rom

Rom og Fasiliteter

Hotellet har totalt 24 rom, alle fullt utstyrt med dusj/badekar, kabel-tv og gratis tilgang til Internett. Over halvparten av romma har nydeleg utsikt mot Voldsfjorden og Folkestadfjella. Frukostbuffet er sjølvsagt inkludert i prisen.


Prisar per rom per natt inkludert frukost:

Enkeltrom:
Midtveke-pris: 1025,-
Weekend-pris: 895,-

Dobbeltrom:
Midtveke-pris: 1295,-
Weekendpris: 1145,-

Ekstraseng og barneseng er tilgjengeleg for alle rom. Heil- og halvpensjonsprisar blir gjeve ved forespurnad. Ta kontakt for ei god avtale! Vi tillet hundar og andre mindre kjæledyr, mot eit lite reinhaldstillegg.


Kurs/konferanse


Hotellet har tre møterom, med ulik størrelse. Amfiet til hotellet har plass til 147 personer, skal du halde mindre møte har vi andre lokaler som passar til det.
Alle møteromma er utstyrt med det du treng av audiovisuelt utstyr.

Alle møtelokale blir tilpassa etter behov.
Vi ordner med kaffi/te, forfriskningar og anna servering dersom det er ynskjeleg.


Restaurant

Restauranten ved hotellet er open kvar dag, og serverar god mat til ein rimeleg pris. I tillegg til ein rikhaldig à la carte-meny og husets spesialitetar kan vi by på dagens rettar til ein overkommeleg pris.

Restauranten er open frå 13:30 til 21:00 på kvardagar og
12:30 til 17:30 laurdag og søndag








Selskap

Volda Turist Hotell har erfaring med alle livets merkedagar: dåp, konfirmasjon, bryllaup, fødselsdagsfeiring og minnestund. Enten du vil ha eit intimt selskap eller ei storslått feiring, stiller vi med lokale, servering og underhaldning. Ta kontakt for meir informasjon, tinging og spørsmål.


Catering

Om du skal halde eit selskap heime eller i andre lokaler, kan Volda Turist Hotell likevel hjelpe deg med maten.
Vi kan levere til både små og store selskap, møter og liknande. Treng du utstyr eller hjelp til servering, ordnar vi det. Maten får du levert på døra, eller du kan hente den sjølv dersom det er ynskjeleg.

Ta kontakt enten på epost eller telefon 70 07 70 50 for ei uforplikande samtale.